CV kortversjon Magnar Åm

 

Fødd i Trondheim 1952. Bergens Musikkonservatorium (no Griegakademiet) 1969-1971 (Organist- og kantoreksamen, komposisjonsstudium hos Ketil Hvoslef). Musikhögskolan i Stockholm 1971-1972 (komposisjonsstudium hos Ingvar Lidholm). Heiltidskomponist sidan 1974. Har skrive bestillingsverk for dei store orkestera i landet, for kor som Bergen Domkantori og Det Norske Solistkor, for kammerensemble som Oslo Strykekvartett og Grieg Trio, og for solistar som Geir Inge Lotsberg (violin), Arvid Engegård (hardingfele), Njål Vindenes (gitar), Jan Hovden (piano), Geir Draugsvoll (accordeon), Bjørn Ianke (kontrabass), Eirik Birkeland (fagott), Øyvind Bjorå (violin), Willy Postma (harpe), Jun Zhi Cui (kinesisk harpe), Nils Økland (hardingfele), Ellen Sejersted Bødtker (harper), Kåre Nordstoga (orgel), Lars Anders Tomter (bratsj), Julius Pranevicius (horn) og mange fleire. Full verkliste kan sjåast på heimesida www.magnaram.com eller hos Nasjonalbiblioteket www.nb.no/noter .

Har hatt Statens garaniinntekt sidan 1979, men har no seniorstipend. Fekk i 2006 Berlins ”Europäischer Komponistenpreis” ved Europäischer Musik Sommer Berlin for det er ’kje snøen som fell, det er me som stig, bestillingsverk for Ungdomssymfonikerne, og framført av desse. Fekk i 2009 Arne Nordheims Komponistpris og i 2014 TONOs Edvard-pris, den siste for bratsjkonserten inngang, nærvær, utgang.

Har sidan 1975 hatt ulike seminar i komposisjon og improvisasjon kring i landet. Underviser frå 2005 i BA-emnet Intuitiv komposisjon/improvisasjon og musikkfilosofi og dei tverrkunstfaglege MA-emna Å skape meining og Playful truth-approach i ei professor II-stilling ved Høgskulen i Volda.