dette blanke no


Møt meg
ved dette stille vatnet
i desse mjuke timar
før alle ting er fødde

Møt meg
imellom natt og morgon
i denne djupe spegel
i dette blanke no

like før alle lydar
før alle vindar vaknar
medan skyminga tvilar
og orda enno ikkje blendar våre auge

ved dette stille vatnet
i desse mjuke timar
i dette blanke no


Magnar Åm