http://www.magnaram.com/du er elska.html
du er elska

 

for sopran, kor (SSA), to horn og harpe

med innvoven kinesisk folketone:

"Kjærleikssong over enga"

 

  

 

Solist: skapt i Din tanke

kviskra i Din munn

elska og fødd

fødd og elska

 

Kor: du er elska

 

Solist: stille

som ei uoppdaga tjønn

ventar eg

Din ande

det altomveltande

yrande lys

 

Kor: du er elska

 

Solist: Jeshua

fyll meg

at eg kan reinsast

reins meg

at eg kan fyllast

 

Kor: du er omgjeven og elska

 

Solist: desse nålene

som sit overalt

på kroppen

skuldingar mot andre

brotne glas og adresser

 

Herre

få sjå Dine hender

 

Kor: mitt barn

 

Solist: lær meg å gi

som Du

gi meg over

som Du

tilgi

som Du

 

Kor: mitt barn, ta min styrke

 

Solist: hjelp meg å hugse

den ustanselege

velsigning

me kom frå

og bur i

sende avstad

med nøkkel om halsen

min ven

min spegel

lær meg å hugse

 

Kor: sjå kjærleiken som

renn over deg i strie straumar

natt og dag

 

Solist: tek Du plass

i mine lemmer

renn Din reinleik

gjennom årane og

fyller kvart tomrom

med lys og mot

lys og mot

 

Kor: du er elska

du er velsigna

du er omgjeven

du er evig fylt

for du er

i meg, mitt barn