http://www.magnaram.com/gratia.html 

 

gratia

 

Det er eit latinsk ord med fire nokså ulike og likevel kanskje nærslekta tydingar: takk, nåde, yndest (dette å vere elska), ynde (sjarm).

 

Takksemda er noko me er vande til å leite fram etter at me har fått noko. Men det er gammal visdom å snu rekkefylgja: Kjenn deg rik, og du ser at du faktisk er rik. Finn noko å takke for, og du opplever at du verkeleg har noko å takke for (jmfr. "Den som har, skal få…"). I takksemda over ideane kjem kvar tone som ei gåve. I takksemda over tida, blir augneblinken forvandla til nåde. I skapinga av det du elskar oppdagar du deg elska. I takka for livet får til og med livet sjølv ein viss sjarm… For meg er dei i alle fall systrer, desse tydingsorda. Og blyanten og viskeleret mitt har dei hatt ein finger på, alle fire, i arbeidet med "gratia"…

 

Verket er bestilt av Willy Postma og urframført med henne som solist under the Sixth World Harp Congress i Tacoma, USA, 1996.

 

 

Magnar Åm 19.8.99