http://www.magnaram.com/vandrande himmel.html
vandrande himmel
(folketone frå ingen stad)
for altstemme, 2 fiolinar, 2 bratsjar og 2 celli
Vere tilgjevinga
Vil vere augo som ser deg slik du er
bortanfor sansane og tida
at du er vandrande himmel
Ingen fordringar
ingen løynde krav vil eg møte deg med
Berre sende deg ei stille takk i mi sjel
at du er
Var du som ein fugl i ein glimt forbi
eller sat du i ro på handa mi
Sto me fast ei tid
eller gav me kvarandre fri
så var det deg eg trong
for sjølv å modnast
gradvis å vakne
vere i ande og ljos
gradvis bli heilare
gradvis bli menneske
og for å skjøne at det eg ser i deg og alle
er det eg slepper fram
Så ser eg i deg då
Skaparens andlet
Slik blir du både vegen, sanninga og livet for meg
Det eg ser er berre...
(Djupast veit eg:
Me er alle)
...vandrande himmel