vere meininga


menneske
fordi du er menneske
er skapning
er til
ingenting anna
er du det eg lengtar etter
oppfyllinga av alle mine draumar
meininga med meg
leitinga etter salt kroppsleggjort

gi meg namn
eg tyrstar
syg dei opp som rislande næring til irrgrønt lys
men gi meg alltid nye
gi meg friske namn kvar dag
at eg ikkje skal turke ut for deg

for i opphavet var dette foranderlege ordet
og du:
meininga attom


Magnar Åm